|
|
|
|
 Publisert 05.01.2010
Både utlån og besøk gjekk opp på Time bibliotek i 2009. Utlånet gjekk opp med 4,9%, medan besøket gjekk opp med nesten 20%.
Utlånstoppen på biblioteket speglar kva som er populært hjå bokhandlarane, bortsett frå at bøkene tydelegvis har eit lengre liv på biblioteket. Både Khaleid Hosseini sine bøker frå Afghanistan og Albert Åberg er høgt oppe på utlånslistene.
 Publisert 16.12.2009
Det nye biblioteket på Forum Jæren byrjar å ta form. No er veggene oppe, og i oktober 2010 blir det opning. No kan du sjå korleis me tenkjer å utforma 1. etasje.
 Publisert 11.12.2009
Ved eit av borda mellom aviser, tidsskrift og bøker finn me dei tre studentane Kristine Tjåland Hersdal, Malin Undheim og Maren Gidskehauge Horpestad. Bordet er dekka med notathefte, permar og pensumlitteratur. Dei går første året på sjukepleiarutdanninga ved Universitetet i Stavanger og førebur seg til eksamen.
 Publisert 11.12.2009
Våren 2009 løyvde Barn- og unges kommunestyre kr 50.000,- ekstra til Time bibliotek sitt mediabudsjett. Forslaget kom frå representantar frå Frøyland skule.
Barne- og ungdomsbibliotekarane ved Time bibliotek tok kontakt med elevrådet på Frøyland skule for å få innspel til innkjøp. Dei unge hadde klare meiningar om kva dei ønskjer å finna i biblioteket og gav gode føringar for bruken av pengane.
 Publisert 24.11.2009
Avviklinga av Nasjonal Speledag ved Time bibliotek var vellukka. Både PC-spel, Playstation3 og Nintendo Wii var i bruk i heile opningstida på laurdagen. At dei fleste spelarane var unge gutar, bekreftar bare velkjente tendensar frå andre bibliotek som har tilbod om dataspel.
 Publisert 23.11.2009
Brageprisane 2009 gjekk til Karl Ove Knausgård for "Min kamp 1" (skjønnlitteratur vaksne), Maria Parr for "Tonje Glimmerdal" (barne- og ungdomsbøker), Kjetil Stensvik Østli for "Politi og røver" (sakprosa) og Bjørn Alex Herrman for "Moby Dick" (omsett skjønnlitteratur).
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Time bibliotek
|
|
Arne Garborgs veg 30
|
|
Postboks 38
|
|
4349
Bryne
|
 |
|
Telefon
|
:
|
51 77 61 70
|
|
Faks
|
:
|
51 77 61 71
|
|
Org.nr.
|
:
|
859 223 672
|
|
Kommunenr.
|
:
|
1121
|
|
|