Reglement for Time bibliotek

Time bibliotek har to reglement. Eit felles lånarreglement med Klepp og Sola for deg som bruker oss, og eit bibliotekreglement som forpliktar og stiller krav til oss som institusjon.

FELLES LÅNEREGLEMENT FOR BIBLIOTEKA I KLEPP, SOLA OG TIME

  1. Det er gratis å låna på biblioteket. Ha alltid med lånekortet.
  2. For å få lånekort må du visa godkjent legitimasjon og skriva under på at du godtek reglementet. Dersom du er yngre enn 15 år må du ha underskrift av ein føresett for å få lånekort. Du kan få nasjonalt lånekort som kan brukast i dei fleste biblioteka i Noreg.
  3. Du er ansvarleg for alt som vert lånt på ditt kort. Meld tap av kort. Erstatning av tapt kort kostar kr 20.
  4. Du er ansvarleg for å melda adresseendring og endring av annan kontaktinformasjon som e-post eller mobilnummer.
  5. Normal lånetid er 4 veker. Film og dataspel 1 veke, tidsskrift 2 veker, språkkurs 8 veker. Populære bøker kan ha kortare lånetid. Rett lånetid står på kvitteringa.
  6. Lånetida kan som regel forlengast, anten via "Meg & Mitt" på heimesida til biblioteket eller ved å ta kontakt med biblioteket.
  7. Du kan bestilla og henta materiale ved kva bibliotek du vil, bortsett frå nytt materiale med lang venteliste. Det må hentast hjå eigarbiblioteket.
  8. Dersom biblioteket du besøkjer ikkje har materialet du ønskjer, kan det som regel lånast inn frå andre bibliotek.
  9. Dersom du registrerer e-post eller mobil kan du få gratis varsel før forfall.
  10. For sein innlevering kan føra til purregebyr: 1. purring kr 20, 2. purring kr 30, erstatningskrav kr 50 (totalt kr 100).
  11. Tapt eller skadd materiale må erstattast. Biblioteket er ikkje ansvarleg for eventuelle skader på avspelingsutstyr eller liknande.
  12. Misbruk av bibliotektenestene kan føra til tap av lånerett.
  13. Bibliotektilsette har teieplikt. Opplysningar om kva du har lånt vert sletta frå kontoen din ved innlevering. Dersom låna er purra, vert tittelen likevel teken vare på til purringa er betalt. Utover dette lagrar biblioteket berre statistiske data. Du kan be om å verta sletta frå vårt register når som helst dersom du er fri for lån og gjeld. Lånarar som ikkje har vore aktive dei tre siste åra vert sletta frå registeret.
    Biblioteksjefen i Sola er behandlingsansvarlig for personopplysningane i lånarregisteret.

Vedteke i Time kommunestyre 27.4.2010.

REGLEMENT FOR TIME BIBLIOTEK

I. Folkebiblioteket sitt mål er å fremja opplysning, utdanning og anna kulturell verksemd. Biblioteket skal gje den einskilde best mogleg høve til å tileigne seg faglege og allmenndannande kunnskap, vidast mogleg informasjon, og orientering om aktuelle samfunnsspørsmål, høve til personleg utvikling, kulturell og menneskeleg oppleving.

II. Folkebiblioteket si hovudoppgåve er å stille bøker og anna eigna materiale gratis til disposisjon for alle som bur i landet. Gjennom ei aktiv og utoverretta verksemd skal biblioteket spreie kjennskap til litteratur, formidle kulturverdiar, kunnskap og informasjon, og gje grunnlag for debatt og meiningsutveksling.

a) Folkebiblioteket skal i innkjøpspolitikken sin leggje vekt på kvalitet, spennvidde og aktualitet.
b) Folkebiblioteket skal stille til disposisjon skjønnlitterære og faglitterære bøker, aviser, tidsskrift, lokalhistorisk og anna eigna materiale. Biblioteket skal også tilby audiovisuelt og datatilgjengeleg materiale.
c) Folkebiblioteket skal yte publikum rettleiing og aktiv informasjon, og gjere tenestene sine kjent.
d) Folkebiblioteket skal tilretteleggje bibliotektenester for alle som bur i kommunen. Biblioteket har eit særskilt ansvar for barn og ungdom.
e) Biblioteket sine opningstider, tenester og lokale må vere tilpassa lokalsamfunnet. Det skal takast spesielt omsyn til grupper med særskilde behov.
f) Folkebiblioteket skal syte for at språklege minoritetar, innvandrarar, flyktningar og asylsøkjarar får litteratur på eige morsmål.
g) Gjennom samarbeid med andre bibliotek skal folkebiblioteket arbeide aktivt for at studentar og andre utdanningssøkjande får dekt bibliotekbehova sine.
h) Folkebiblioteket skal søkje å få tak i bøker og eventuelt anna eigna materiale som biblioteket ikkje eig sjølv, men som låntakarane har behov for.
i) Alt materiale folkebiblioteket stiller til disposisjon frå eigne samlingar, og det biblioteket får tak i frå andre norske bibliotek, skal vere gratis for brukaren og kan bli nytta av alle som bur i landet.
j) Folkebiblioteket skal ha eit utlånsreglement som tek vare på låntakarane sine rettar og plikter. Brukarane skal bli gjort kjende med utlånsreglementet.
k) Oppslag i interne og eksterne databasar skal vere kostnadsfritt for brukaren.

III. Bibliotekfaglege oppgåver og verkemiddel.

a) Folkebiblioteket er ledd i eit nasjonalt biblioteksystem og skal følgje felles reglar om lånesamarbeid og registrering. Katalog over biblioteket sine samlingar skal vere tilgjengeleg for publikum.
b) Biblioteklokala kan også brukast til ulike formål innan kultur, folkeopplysning og undervisning, når dette ikkje går ut over biblioteket si ordinære drift.
c) Folkebiblioteket skal kvart år utarbeide statistikk og årsmelding i samsvar med føresegn til §3 i Lov om folkebibliotek, og reglar som Statens bibliotektilsyn (no: ABM-Utvikling) fastset.
d) Folkebiblioteket sine samlingar skal haldast ved like. Slitt og uaktuelt materiale skal fjernast frå samlinga.
e) Administrasjonen skal utarbeide utlånsreglar i tråd med vedteke reglement.

Vedteke i hovudutval for kultur 05.03.98. Sak 05/98.

Publisert av Vidar Lund. Ansvarleg Vidar Lund. Sist endra 13.06.2010
Du er her...
Skriftstørrelse
a - a - a
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Kontaktinformasjon
Time bibliotek
Arne Garborgs veg 30
Postboks 38
4349  Bryne
 
Bibliotek@time.kommune.no
 
 
Telefon : 51 77 61 70
Faks : 51 77 61 71
Org.nr. : 859 223 672
Kommunenr. : 1121
Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland      Webredaktør for bibliotekportalen: Vidar Lund