Opningsveka 17.-23. oktober skal Time bibliotek visa breidda i eit moderne bibliotektilbod, med forfattarbesøk for barn og vaksne, bokpresentasjonar, dataspel, konsertar, fleirkulturelle tilbod og mykje meir. Dette har Fritt Ord løyvt kr 50.000 til, og med dei kr 100.000 som formannskapet har løyvt tidlegare, skal opningsveka bli ein fest for alle!