|
|
|
|
 Publisert 02.02.2010
Viss du gjekk glipp av boksalet sist laurdag, har du framleis høve å gjera eit godt kjøp. Både bøker, lydbøker og tidsskrift vil bli liggjande framme for sal til og med laurdag 13.februar.
Ennå mykje å velja mellom!
 Publisert 22.01.2010
Time bibliotek viser ny kunstutstilling, denne gongen av biletkunstnaren Emanuela Løland. Ho stiller ut ni av måleria sine som alle er utført i teknikken acryl på lerret.
 Publisert 05.01.2010
Både utlån og besøk gjekk opp på Time bibliotek i 2009. Utlånet gjekk opp med 4,9%, medan besøket gjekk opp med nesten 20%.
Utlånstoppen på biblioteket speglar kva som er populært hjå bokhandlarane, bortsett frå at bøkene tydelegvis har eit lengre liv på biblioteket. Både Khaleid Hosseini sine bøker frå Afghanistan og Albert Åberg er høgt oppe på utlånslistene.
 Publisert 16.12.2009
Det nye biblioteket på Forum Jæren byrjar å ta form. No er veggene oppe, og i oktober 2010 blir det opning. No kan du sjå korleis me tenkjer å utforma 1. etasje.
 Publisert 11.12.2009
Ved eit av borda mellom aviser, tidsskrift og bøker finn me dei tre studentane Kristine Tjåland Hersdal, Malin Undheim og Maren Gidskehauge Horpestad. Bordet er dekka med notathefte, permar og pensumlitteratur. Dei går første året på sjukepleiarutdanninga ved Universitetet i Stavanger og førebur seg til eksamen.
 Publisert 11.12.2009
Våren 2009 løyvde Barn- og unges kommunestyre kr 50.000,- ekstra til Time bibliotek sitt mediabudsjett. Forslaget kom frå representantar frå Frøyland skule.
Barne- og ungdomsbibliotekarane ved Time bibliotek tok kontakt med elevrådet på Frøyland skule for å få innspel til innkjøp. Dei unge hadde klare meiningar om kva dei ønskjer å finna i biblioteket og gav gode føringar for bruken av pengane.
|
|
|
Kontaktinformasjon
|
Time bibliotek
|
|
Arne Garborgs veg 30
|
|
Postboks 38
|
|
4349
Bryne
|
 |
|
Telefon
|
:
|
51 77 61 70
|
|
Faks
|
:
|
51 77 61 71
|
|
Org.nr.
|
:
|
859 223 672
|
|
Kommunenr.
|
:
|
1121
|
|
|