Godt år på biblioteket i 2009

Både utlån og besøk gjekk opp på Time bibliotek i 2009. Utlånet gjekk opp med 4,9%, medan besøket gjekk opp med nesten 20%.

Utlånstoppen på biblioteket speglar kva som er populært hjå bokhandlarane, bortsett frå at bøkene tydelegvis har eit lengre liv på biblioteket. Både Khaleid Hosseini sine bøker frå Afghanistan og Albert Åberg er høgt oppe på utlånslistene.

Både bibliotek og bokhandlarar landet over melder om auka utlåns- eller salstal, så det har openbert vore eit godt litteraturår i 2009.

På topp 10-lista for barn er det mange klassikarar som går att. Det kan sjå ut som om mange foreldre låner det dei sjølv las som barn. Det finst mykje godt og gamalt, men samstundes er det verdt å sjå etter nye røyster frå vår eiga tid.

Utlånsstatistikken viser elles at 2009 er det beste året sidan 2005 når det gjeld utlån frå Time bibliotek. Det er grunn til å tru at ordskiftet om det nye biblioteket og Garborgsenteret har gjort folk i kommunen meir merksam på bibliotektilbodet som allereie finst òg.

 
Publisert av Vidar Lund. Ansvarleg Vidar Lund. Sist endra 06.01.2010
Utlånstoppen vaksne 2009
Klikk på tittelen for å finna boka i katalogen.
Utlånstoppen vaksne 2009
Plass 31.12.Plass 30.10.Plass 31.7.Plass 30.4.TittelForfattarTal utlån
1123 Luftslottet som sprengtesStieg Larsson67
24 HjemkomstenVictoria Hislop60
2232 Tusen strålende solerKhaleid Hosseini60
4311 DrageløperenKhaleid Hosseini57
4656 Jenta som lekte med ildenStieg Larsson57
6545 Menn som hater kvinnerStieg Larsson55
76 DrømmehjerteCecilia Samartín54
8910 HavfruenCamilla Läckberg49
8665 HodejegerneJo Nesbø49
10 ØyaVictoria Hislop47
Utlånstoppen born 2009
Klikk på tittelen for å finna boka i katalogen.
Utlånstoppen born 2009
Plassering 31.12.Plassering 30.10.Plassering 31. 7.Plassering 30.4.TittelForfattarTal utlån
1122 Bø og Bæ i skogenOlof Landström72
2211 Kaptein Sabeltann : hvor er nøkkelen?Terje Formoe58
3443 Bø og Bæ til sjøsOlof Landström55
4558 Karsten liker å danseTor Åge Bringsværd54
4556 Ludde blir veldig gladUlf Löfgren54
4755 Emma og lillebrorGunilla Wolde54
7333 Hvor er skøyergutten Albert Åberg?Gunilla Bergström53
895 Karsten hjelper pappaTor Åge Bringsværd49
8856 Drageherren 1-3Josefine Ottesen49
10 Petra får besøkTor Åge Bringsværd47
109 Petra får en hundTor Åge Bringsværd47
Utlånstoppen film 2009
Klikk på tittelen for å finna filmen i katalogen.
Utlånstoppen film 2009
Plass 31.12.Plass 30.10.Plass 31. 7.TittelRegissørTal utlån
111 De usynligeErik Poppe70
222 Happy-go-luckyMike Leigh57
333 Det gyldne kompassetChris Weitz55
444 MatildaDanny DeVito53
5510 Burn after readingEthan Coen45
5 Love actuallyRichard Curtis45
754 Harry Potter og ildbegeretMike Newell43
7 Kjapp deg, Albert Åberg!Per Åhlin43
97 Død snøTommy Wirkola42
99 Kamilla og tyven 1Grete Salomonsen42
Du er her...
Skriftstørrelse
a - a - a
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Kontaktinformasjon
Time bibliotek
Arne Garborgs veg 30
Postboks 38
4349  Bryne
 
Bibliotek@time.kommune.no
 
 
Telefon : 51 77 61 70
Faks : 51 77 61 71
Org.nr. : 859 223 672
Kommunenr. : 1121
Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland      Webredaktør for bibliotekportalen: Vidar Lund