Interiørarkitekt Martha Lundesgaard har ein svær jobb med å ta utgangspunkt i våre ynske og krav for det nye biblioteket, få plass til alle bøker, gje godt rom for folk og sjølvsagt: det skal sjå fint ut!
No har me fått laga ein presentasjon der du kan vandra omkring i biblioteket og sjå korleis me ser det for oss.
Innhald: Fila inneheld ein 3D-modell av 1. etasje med møblering. Det som er på plass er alt som gjeld bibliotekinnreiing, grupperom og studieceller. Det som manglar er butikken til Garborgsenteret og ting som datamaskiner og skjermar i resepsjonsområdet. NB: bokhyllene kjem ikkje til å vera så tomme når me har flytta inn!
Korleis bruke fila: Dette er ei exe-fil, trykk "kjør" eller "run" når du vert spurt om det. Fila er stor, så det kan litt tid før ho dukkar opp. Du brukar piltastane til å flytta deg att, fram og sidelengs. For å vri deg rundt må du bruka musa sidelengs. Ved å flytte musa att eller fram vil du sjå nedover og oppover. Vil du sjå teikninga i fugleperspektiv trykkjer du på "backspace"-tasten. For å avslutte: trykk på "Escape"-tasten og trykk på "Quit" nedst til venstre i skjermbiletet.
Animasjonen er laga av Asplan Viak.
Me vil gjerne ha innspel frå deg, gå til bloggen vår for å kommentera.