Studentar trivest på biblioteket

Ved eit av borda mellom aviser, tidsskrift og bøker finn me dei tre studentane Kristine Tjåland Hersdal, Malin Undheim og Maren Gidskehauge Horpestad. Bordet er dekka med notathefte, permar og pensumlitteratur. Dei går første året på sjukepleiarutdanninga ved Universitetet i Stavanger og førebur seg til eksamen. 

"Me treffest her kvar dag nå før eksamen, fordi det er så praktisk. Her får me tilgang til fagbøker og oppslagsverk, og til biblioteket sine publikumspc-ar viss me ikkje har med vår eigen laptop" seier dei i kor. "Ja, og kaffi og te, og gratis, kaldt vatn" skyt Kristine inn. "Og så slepp me å reisa heilt inn til universitetet, sidan me bur på Undheim og Klepp" seier Malin. 

"Gler de dokke til det nya biblioteket, då?" spør bibliotekaren retorisk. "Jo, klart - men kor skal det eigentleg liggja?" Jentene er usikre på det.

Dermed finn bibliotekaren fram teikningar, peikar og forklarer. Det nya biblioteket skal liggja rett sør for høghuset i Hetlandsgata. Grovbygget er alt reist. Jentene blir ivrige. Så spennande!

Me likar å sitja ein plass kor me kan snakka saman, ikkje på lesesalen der det må vera stille. "Kanonbra at studentar kan få utlevert dørkort til grupperom i det nya biblioteket, kor me kan koma og gå som me vil, også utanom opningstida!" jublar Maren. "Så til eksamen neste år sit me kanskje der!?"

"Men det er veldig koseleg her også" avsluttar dei samstemde, før dei bøyer seg over bøker og oppgåver igjen.

 
Publisert av Aud Søyland Kristensen. Ansvarleg Vidar Lund. Sist endra 11.12.2009
Du er her...
Skriftstørrelse
a - a - a
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Kontaktinformasjon
Time bibliotek
Arne Garborgs veg 30
Postboks 38
4349  Bryne
 
Bibliotek@time.kommune.no
 
 
Telefon : 51 77 61 70
Faks : 51 77 61 71
Org.nr. : 859 223 672
Kommunenr. : 1121
Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland      Webredaktør for bibliotekportalen: Vidar Lund