Hendene skvatt i veret fortare enn bibliotekarane kunne skriva. "Me vil ha mange seriebøker!" kom det nokså einstemmig: Svein og Rotta, Detektivgjengen, Judy Moody-, LasseMaja- og Farlig Fil-bøker, Twilight, Doktor Proktor og mykje meir. "Og Vigdis Hjort!" var det ei av jentene som poengterte.
Dei fortalde at dei like gjerne les nynorsk som bokmål, men kan godt tenkja seg fleire nyare nynorskbøker! Bibliotekarane noterte! "Veit de at de er tospråklege når de les begge språk like godt?" skrytte ho til elevane.
Men også faktabøker ønskte dei seg, om naturen, fotball (teknikk og sånn), Guinness rekordbok - og biletbøker til småsøskena. "Og om HAIAR!" ropte ein av gutane. "De har altfor lite bøker om haiar!" Bibliotekarane lova å retta på det. "Og teikneseriar: Donald-pocket, Tom%Jerry og Fantomet!"
Bibliotekarane har fått ei lang liste og bøker vil bli kjøpt inn etter ønskje. Me takkar for innspel og engasjement frå dei leseivrige elevane!