Biblioteket allierte seg med ungdomar frå fritidsklubben Midtpunktet i Bryne, og dermed stilte Sindre Skjørshammer og Kjell Tore Hareland opp som "støttespelarar" for dei bibliotekbrukarane som måtte vera nybegynnarar i dataspel. Sjølv om det viste seg at dei fleste spelarane var vel kjente med mediumet, vil biblioteket takka dei to for innsatsen.
Time bibliotek har frå nå tilbod om å spela Playstation3 på biblioteket, mens tilbod om å spela Nintendo Wii vil koma på sikt.