Første spadetak for nytt bibliotek og nasjonalt Garborgsenter er nå teke!

Det vart ei fin markering for kulturdelen av det store prosjektet som nå veks fram i Hetlandsgata på Bryne. For verkeleg å visa godvilje, bestemte også vêrgudane seg for å vera på kommunal og nasjonal side då kommunal- og regionalminister stakk spada i vasstrukken grus for nytt bibliotek og nasjonalt Garborgsenter.

Markeringa starta presis kl 10 ved at Synneva Erland og Bjor Bohne framførte tonesett dikt av Jens Bjørneboe. Deretter kunne ordførar Arnfinn Vigrestad stolt konstatera at eit langvarig arbeid både for nytt folkebibliotek og nasjonalt Garborgsenter endeleg kunne konkretiserast ved å setja spada i jorda.

Styreleiar i Jærmuseet Arne Norheim såg fram til interkommunalt samarbeid med det nye "litteraturhuset" på Bryne, mens barne- og ungdomsbokforfattar Bjørn Sortland på ein enkel og nær måte klarte fanga merksemda frå dei 250 5.klassingar som var særskilt inviterte til den høgtidelege markering ved å lesa frå ei av bøkene sine.

At Time bibliotek til slutt spanderte boller og vannflaske til alle ungane viste seg å vera svært populært, og sette punktum for gladhendinga mens tonane av "Summertime", sunge av Synneva Erland og akkompanert av Bjor Bohne, tona av den offisielle delen.

Om sola viste seg litt tilbakehalden, er dette er ein udelt strålande dag for mange her i regionen - og også på landsbasis.

Publisert av Aud Søyland Kristensen. Ansvarleg Elin Wetås Jara. Sist endra 18.08.2009
Du er her...
Skriftstørrelse
a - a - a
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Kontaktinformasjon
Time bibliotek
Arne Garborgs veg 30
Postboks 38
4349  Bryne
 
Bibliotek@time.kommune.no
 
 
Telefon : 51 77 61 70
Faks : 51 77 61 71
Org.nr. : 859 223 672
Kommunenr. : 1121
Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland      Webredaktør for bibliotekportalen: Vidar Lund